No er me under isen No er me underlagt Den grå og skitne isen Av framand overmakt Tungt kviler den på landet Men høyr i fjellet vatnet Det sender bod med bekkane Som kviskrar nedad brekkane Snart skiner våren leande I breane No er me under isen Og den er grå og våt Det strøymer under isen Så mang ein stille gråt No er me under isen Av ufridom og tvang No er me under isen Og vinteren blir lang Men høyr det susar og straumar Av ville vårnattsdraumar Så levande og skjelvande Ein uro gjennom elvane Det susar under isen av eining tru og tross Eind dag skal alle bekkar små gå saman og bli foss Det lever under isen der tusen hjartar slår Det innestengte Noregs udrepelege vårTeksty umieszczone na naszej stronie są własnością wytwórni, wykonawców, osób mających do nich prawa.