Gamle Norig, nørdst i grendom, er vårt eiget ættarland. Der er hav, som heilt åt endom leikar um den lange strand: der er vikar og votn og øyar, tusund fjordar og tusund fjell
Snøydor, der sjeldan snjoen tøyar, dalar, der fossen diger fell.
Leid er vel den lange vetter, endå grøn vår granskog stend, og når lauv i lidom spretter, fagre leter fær vår grend. Store dagar og stutte næter lida lett om den ljose jord; strand og fjord og fjell og sæter skiner av sol frå sud og nord. Born av deim, som bygde landet, er på tuftum endå til; garden stend i gamle standet, bygd og bøtt som bonden vil.
Van til møda, meir en til kjæla, leikar lyden på land og sjo. Giv han sitje med sømd og sæla trutt på tuftom i trygd og ro!Teksty umieszczone na naszej stronie są własnością wytwórni, wykonawców, osób mających do nich prawa.