Ei mor græt Enno ein gong skal ein son sendast i veg Til ei slagmark stenka i dårskap Enno ein gong Lyt ho sjå ryggen til ein son Som vert røva ifrå ho Med den enkle lovnaden om heider Både frå dei levande Og hjå dei Som sit i dei store hallane I æva
Eit slag Konge mot konge Mann mot mann Piler riv strupar Stål splintrar bein Mange døyr i pinsle Mange etter miskunn skrik Men her er ingen å få
Kvar ein herald Levande som daud Ser kvar det bér Når ein ung sverdarm Blir trøytt
Ei mor står På kalde berget Og skodar ein tagal fjord Med eitt ho kjenner Ein son sitt vardøger Som fortel i ett kviskre At han aldri meir Kjem attendeTeksty umieszczone na naszej stronie są własnością wytwórni, wykonawców, osób mających do nich prawa.