Ho ferdest ut mot havet Stormen fylgjer på Regnet stryk mot kinna Men ingen her kan sjå
At under yverflata Druknar ho eit kor Sjølv om ho kan høyra kvart eit ord
Ho talar med dei vonde Gøymd under torevêr Ingi sjel fær sjå no Kva det er ho ser
Og ingen når å finna Henne der ho er Ho døl ljoset rundt seg når ho fer Stundom er ho faren langt frå her
Ho ser eit rom i verdi For dei som ei slår rot Inkje er for mykje Havet tek imot Kan henda ein må leva Med stormen slik han er
For han vil fylgja med deg der du fer Ho lyt segla sjølv om der er skjer Når du stend i stormen vert du blind Men ein kan ikkje segla utan vind
Aah aah
Rett under yverflata Kan ingen sjå du gret Du seglar ut på havet Ingen kan høyra deg
Rett under yverflata Kan ingen sjå du gret Du seglar ut på havet Ingen kan høyra degTeksty umieszczone na naszej stronie są własnością wytwórni, wykonawców, osób mających do nich prawa.