Sjå slottet i det fjerna Det glitrar som ei stjerna Med ny giv i sin lest går han mange rastar meir enn gjerna
Gjennom mose, sump og myr og tåken jotnar spyr Ei ukjend stemme lovar gull og perlar når ein ny dag gryr
Heldt oppe av eit vakkert syn Mellom skyrand og fjellbryn Åleine i skogens skumring med sin arme skrott som gjev han tyn
Synkverving!
Ein hall tekt med gylte skjold Høyr lystig lyd av gladvold Ved gjæve gudar old kjem han seg endeleg på nært hold
Kunne ikkje på eigne auge stola Borga svann som dugg for sola Brått kjende han nevar små som trekte han ned i ei svart hola
Hundre pissgule auger Han ligg på ein seng av drauger Hånlege tryner kjem til syne og brer han ei dyna
Vetter tar seg til rette Blodsaft og slevje skvettar Når kvasse klør nennsomt hudremsane flettar
Haugfolk har gjort han gal Sendt hans sinn til mørkets dal Hans heim vart ei himmelsal, men heller ei tidleg grav
Nå, ein blant mange sjelar Som hans triste skjebne delar Kokt i all æva i ei kolsvart trolldomskjelaTeksty umieszczone na naszej stronie są własnością wytwórni, wykonawców, osób mających do nich prawa.