Så stille kan det verta i eit hjerta så stille kan det altså slå så stille kan det verta i eit hjerta så roleg kan det gå
Og morgonen kjem tilbake åpen og i ro befrir meg frå panikken og den faste, triste klo
Og nettene dei er milde fulle av fred og søvnen utan mareritt der eg alltid skulle ned
Og stemma mi kan tala heilt vanleg utan brest kan tåla vera med til begravelse og fest for eg er tom for tårer ferdig med forakt ferdig med å gøyma meg
Så får det berre vera at fienden fekk rett, dei kjølege og kloke, som sa at det var lett men la dei vera kloke eg vil vera grøn og kasta meg i livet men kvila i mi bøn
Så stille kan det verta i eit hjerta så stille kan det altså slå så stille kan det verta i eit hjerta så roleg kan det gåTeksty umieszczone na naszej stronie są własnością wytwórni, wykonawców, osób mających do nich prawa.