Kvar morgon når eg vaknar så fører eg eit rekneskap ein post for all mi glede og ei side for min saknad og eg vender meg mot morgonen og merkar at eg kviskrar; ta meg heim igjen, ta meg heim igjen
Om kvelden før eg sovnar så gløymer eg mitt rekneskap då skimtar eg eit ansikt og hugsar på eit famntak og utan at eg vil det så formar eg med munnen; ta meg med igjen, ta meg med igjen
Å kor lenge skal eg rivast mellom tryggheit og forandring å kor lenge skal det krigast i eit sinn så trøytt av handling og vil eg eingong vakna opp og sei; det er her eg høyrer heima høyrer heima
Ein morgon då eg vakna var valget teke for meg og dei som hadde venta på eit svar var reist i frå meg eg reiste meg mot stilla og brølte utan blygsel; kom no heim igjen kom no heim igjen
Å kor lenge skal eg rivast mellom tryggheit og forandring å kor lenge skal det krigast i eit sinn så trøytt av handling og vil eg eingong vakna opp og sei; det er her eg høyrer heima, høyrer heimaTeksty umieszczone na naszej stronie są własnością wytwórni, wykonawców, osób mających do nich prawa.