Som skuggar driv i usådd mark, Startar dagen med blanke ark Lause tankar finn inga fred Blikket flakkar, eg vert ikkje med Rotlaus!?
Mørke tankar driv mitt sinn Ingen vil eg sleppa inn Stien brotna der eg gjekk Hatet dreiv meg lenger vekk Rotlaus!?
Sola stig bak fjella opp Varmar i min slitne kropp Dersom sola i meg byrja å lysa Kanskje vil eg slutta å frysa
Varsomt trør eg nye markar Livets motor går og slarkar Alle stader er det tørke Kvifor finn eg berre mørke? Rotlaus!?
Langsomt eter sola skuggen Augner myser gjennom luggen Mørke krokar bleiknar litt Sola varmar håpet mitt Rotlaus!?
Sola stig bak fjella opp Varmar i min slitne kropp Dersom sola i meg byrja å lysa Kanskje vil eg slutta å frysa
Mørke tankar skal ei vinna Framtida, den vil eg finna Små nyanser – Mitt og ditt Er'kje livet svart og kvitt ROTLAUS!
Nei rotlaus er eg ikkje lenger Inga stengsler i mitt sinn Framtida kan sleppa innTeksty umieszczone na naszej stronie są własnością wytwórni, wykonawców, osób mających do nich prawa.