Det stig av hav eit alveland med Tind og Mo; det kviler klårt mot himilrand i kveldblå ro.
Eg såg det tidt som sveipt i eim bak hvadis graa; det er ein huld, ein heilag heim, me ei kan nå.
Ho søv, den fine tinderad i draume-bann; men so ei stund ved soleglad ho kjem i brand.
Når dagen sig som eld og blod i blåe-myr, det logar upp med glim og glod og eventyr.
Det brenn i brè og skjelv og skin med gullan-bragd, og lufti glø'r i glans av vin, sylv og smaragd.
Men av han døyr, den bleike brand, som slokna glod, og klårt som fyrr ligg alveland i kveldblå ro.
Eg lengta tidt på trøytte veg der ut til fred; men landet fyrst kann syne seg, når sol gjeng ned.Teksty umieszczone na naszej stronie są własnością wytwórni, wykonawców, osób mających do nich prawa.