Eg er ein som ingen kjenner Aldri lik frå stund til stund Eins med fossen stødt eg renner Utfor stup og ned i grunn
Eg er ein du berre anar Som eit spel i veldig sus Ein som myrkje sjeler manar Inn til seg i grime-rus
Eg gjer alle meir åleine Lik ein ven du aldri vinn For om meg kan ingen meine At dei fram til hjarta finn
Eg er tru i den som tvilar Eg er tvilen i kvar tru Eg er fredløysa som filar Otten under band og bruTeksty umieszczone na naszej stronie są własnością wytwórni, wykonawców, osób mających do nich prawa.