[Vers 1] Landet lyser som i draum Ingen augo kjenner Leida løynd i våg og straum Til så kvite strender
[Vers 2] Du må segle i ein storm Skjelve der, i tårer Sjå kor havet skifter form Og lyfter sine bårer
[Refreng: Vokalisering]
[Vers 3] Gjennom gnyet tonar skrik Høyr, tre skarvar jagar Snøgt som vinden mot ei vik Heim til stille dagar
[Vers 4] Sterke, svarte venger slår Ut mot draumestranda Der ein mogen åker står Og gyller himmelranda
[Refreng: Vokalisering]
[Vers 5] Ser du sol og tunge aks Du som vonlaus stirеr? Alt som djupt i hjarta vaks Det er her dеt spirer
[Vers 6] Attom dauden ram som salt Der er lykter tende Tør du ofre alle, alt? Fåe kjem attende
[Refreng: Vokalisering]
[Vers 1] Landet lyser som i draum Ingen augo kjenner Leida løynd i våg og straum Til så kvite strender
[Vers 2] Du må segle i ein storm Skjelve der, i tårer Sjå kor havet skifter form Og lyfter sine bårer
[Refreng: Vokalisering] Teksty umieszczone na naszej stronie są własnością wytwórni, wykonawców, osób mających do nich prawa. |